Kurs

Grøn frisør

Mange frisørar kontaktar oss med spørsmål om grøn frisørdrift.

Det kan vere vanskeleg å finne fram i jungelen av produkt, og å vite korleis ein skal arbeide med desse produkta som fungerar på ein annan måte enn ein er vant til.

Vi inviterer difor frisørar til å vere hos oss ein dag i salongen. Det vert halde eit teoretisk kurs, deretter får du arbeide med modellar og prøve ut fargane og andre produkt vi nyttar i salongen.

Dette er kurset for dykk som ønskjer å legge om til ei grønare linje, eller som berre ønskjer å halde dykk oppdaterte på det som skjer på dette området i faget vårt.

Ta kontakt med oss for meir informasjon.