Sertifisering

Unknown

Balanzera er stolt av at vi kan krone oss med tittelen Miljøfyrtårn-bedrift.

Vi har eit godt styringssystem som reduserar våre påverknader på miljøet. Dette går på eit aktivt arbeid med kontinuerlege forbetringar innanfor innkjøp, transport, energi, arbeidsmiljø og avfall.

Her kan du lese meir om dei spesifikke bransjekrava til frisørsalongar. 

Kvalitetssalong

Fagforbundet starta arbeidet med “Kvalitetssalong” i 2008, som ein videreutvikling av Grønn Frisør.

Målsettingar:

  • auke kvaliteta på såvel arbeidsmiljøet som kvaliteten på det arbeidet som blir utført i salongane.

  • auke antall ansette med større stillingar/heiltidsstillingar pr. salong.

  • vere trygge lærebedrifter for frisørlærlingane og bidra til å styrke stoltheit av yrket dei praktiserar.

  • vise at det er økonomisk lønnsomt å drive frisørsalonger under ordna forhold, med gode løns- og arbeidsvilkår for dei ansette.

 

Grønnfrisør

”Grønn frisør” er ei merkeordning utarbeidd av Fagforbundet i Norge og Frisørenes Fagforening.

For å verte godkjent som grønn frisør, må salongen innfri følgjande krav:

  • Tilby behandlingar der produkta er fri for dei mest skadelege stoffa.
  • Ha tett kontakt med Videncenteret for frisørar i København og Københavns Miljønetværk som har utvikla “positiv” og “negativ listene”. Positivlista viser alle profesjonelle hårpleieprodukt som ein trygt kan bruke. Negativlista viser kjente produktseriar som inneheld stoff som kan vere allergiframkallande, hormonforstyrrande eller miljøskadelege.
  • Ansette i “Grønn frisør” -salongar skal vere bevisste i arbeidet sitt. Dette ved å ha kunnskap om kva for skader enkelte produkt kan forårsake, i tillegg til å gje råd og informasjon til kundane sine.
  • Ha eit holistisk tankesett ved å vere miljø- og sunnheitsbevisst på alle område. Det vere seg alt frå hårprodukt til emballasje og servering av økologisk kaffe, te og frukt. Ein skal nytte miljømerka reingjeringsmidlar, ha eit bevisst straumforbruk, utføre søppelsortering osb. Salongen bør helst vere Miljøfyrtårn Sertifisert.