Service

kristiandale_balanzera_web_002

Vi set av god tid til kvar enkelt kunde.

Konsultasjonen er den viktigaste delen av behandlinga. Det er her vi saman med deg skal kome fram til kva for frisyre som passar deg best. Både når det gjeld anatomiske forutsetningar, hårkvalitet og stil. Dine ønskje og personlege smak skal kome fram og bli høyrt og vi set difor av god tid til denne prosessen av behandlinga.

Før hårvask sjekkar vi alltid hår og hovudbotn, og vel sjampo, balsam eller kur etter kva som passar best.  Og avsluttar vaskebehandlinga med ein god massasje av hovudbotn, medan du lyttar til avslappande musikk.

Vi vil gje deg tips og informasjon om produkt som passar til deg og korleis du best mogleg kan style frisyra heime. Føhn og styling er sjølvsagt inkludert i prisen.

Kvar enkelt av frisørane våre har aldri to kundar samtidig, så all merksemd går til deg aleine.

Under hårspa-behandlingar og fargebehandlingar får du alltid tilbod om fotbad, kaffi frå Tim Wendelboe eller økologisk Clipper-te, frukt og snacks.

Vi gler oss til å gje deg all den omsorg og luksus du måtte trenge i ein elles hektisk kvardag.