Salong

Vi vil gje deg behandlingar av høg kvalitet. Vi har god tid til berre deg og er opptatt av å forstå ditt ønskje og behov. Vi har gode faglege kunnskapar, veit kva slags stoff vi arbeider med og kva vi skal unngå.

 

kristiandale_balanzera_web_008

 

                                                     

kristiandale_balanzera_web_016-2

“Det er svært viktig for meg å drive ein frisørsalong som tar helsa til mine tilsette på alvor. Difor brukar vi dei reinaste produkta på marknaden, som vi veit ikkje inneheld skadelege stoff. Frisørane mine skal ha eit sunt arbeidsmiljø og mindre sjanse for å utvikle allergi. Dei skal kjenne seg opplagte og fri for hovudpine etter endt arbeidsdag. I tillegg skal dei ha høg fagleg kompetanse og kjenne seg inspirerte i jobben dei gjer. Vi er bevisste på helse og miljø men har like mykje fokus på kreativitet og kvalitet. “.    

-Trude Lundevall, eigar / fagleg leiar Balanzera AS.

 

 

Vi har god kontakt med andre frisørar og miljøorganisasjonar i Norge og Danmark, -der dei har eit stort forskingsmiljø på desse områda. Produkta vi nyttar i salongen er testa og godkjente som eit sundt alternativ av Københavns miljøkontroll og Videncenteret for frisører ved Gentofte hospital i København.