Vask og Styling

images-2
Yarok Betyr “Grøn” på Hebraisk og er laga av den israelske stylisten Mordechai Alvow, som held til i New York. Denne hårpleieserien er 100% vegansk, 100% naturleg og dei arbeider med å få alle ingrediensar sertifisera økologisk. Alt av konservering er tillatt i matproduksjon. I tillegg er produkta utan sulfater, parapener og alkohol. Dette er bestsellaren i salongen og vi rett og slett elskar den. Vi er den einaste frisørsalongen i Norge som forhandlar desse produkta, så om du bur langt i frå oss kan du bestille produkta i vår mini-nettbutikk på vår Facebookside.

download-1
John Masters Organics Ein produktserie skapt av den amerikanske frisøren John Master. Han stiller svært høge krav til produkta sine når det gjeld økologi, kvalitet og ikkje minst dyrevern.  Sertifisert av USDA.


download

Zenz Organic Ein komplett svanemerka produktserie frå Danmark. Zenz Organic arbeider for ein sunnare og meir miljøvennleg skjønnhetsindustri, med respekt for kundar, frisørar og miljøet. Basert på naturlege og økologisk sertifiserte ingredienser, som kaldpressa avokadoolje og rein aloe vera. Inneholder produkter med og utan duft.